Det blir årsmøte - litt redusert

Leiar Kjell Arne Hjellbrekke.
Leiar Kjell Arne Hjellbrekke. Foto: Kjell Arvid Stølen.

Styret i Indre Sunnfjord Turlag har vedteke at det blir årsmøte den 26. november, trass i koronarestriksjonane.

Men det blir berre reine årsmøtesaker, det blir ikkje matservering, og det blir ikkje noko program utanom årsmøtesakene. Det betyr at det annonserte kåseriet går ut. Det blir heller ikkje utdeling av TiTur-premiar på årsmøtet. Dette må skje på annan måte, seier IST-leiar Kjell Arne Hjellbrekke.

Han har vore i kontakt med kommuneoverlege Øystein Furnes, som meiner det er forsvarleg å arrangere årsmøtet i ei strippa form, men med eit makstal deltakarar på 50.

-Vi ynskjer helst at dei som vil vere med på årsmøtet melder frå at dei kjem, anten på e-post til indresunnfjord@dnt.no, eller til tlf 95827976, seier Hjellbrekke.

Dei som kjem, vil få kvar si jubileums-t-skjorte (IST fyller 50 år i 2021). Dei vil også få høve til å kjøpe jubileumskalenderen vår til 50 kroner. Desse er også å finne på Coop Extra (rett utanfor postskranken), på Intersport (Erdal Sport) og på turlagskontoret. Betaling via Vipps til 88239 (Indre Sunnfjord Turlag), merk betalinga med Kalender.

Jubileumskalenderen blir å få kjøpt på årsmøtet.
Jubileumskalenderen blir å få kjøpt på årsmøtet.