TiTur Sunnfjord 2020 - Utsett avslutning

Øvre Gaula ved Grøningstølsvatnet
Øvre Gaula ved Grøningstølsvatnet Foto: Jan Roar Sekkelsten

Rakk du ikkje å nå turmåla denne sommaren? Fortvil ikkje. Vi utsetter fristen for å registrere turmål og levere TiTur-korta ut oktober.

Den ordinære fristen for å fullføre TiTur Sunnfjord 2020 gjekk ut på søndag. Men slik veret er no og sidan mange mista registreringar pga teknisk trøbbel i juni, held vi fram til vi stiller klokka attende til normaltid. Det vil si at vi held SjekkUT open for nye TiTur-mål ut oktober.

Har du besøkt turmåla, men mista registreringar, så last ned og fyll ut titur-kortet og lever det på turlagskontoret, eller skanne det inn og sende det til indresunnfjord@dnt.no. 1. november sett vi strek og trekker vinnarar. Kom dykk ut og nyt det deilege haustveret!

Skrevet av Jan Roar Sekkelsten 13. oktober 2020