Seniortur til Fuglesteg

Foto: Kjell Arvid Stølen.

Tysdag 1. september set seniorgruppa kursen mot Fuglesteg i Luster kommune.

Det blir avreise frå Esso i Førde klokka 9 med privatbilar. Det tek om lag to og ein halv time å køyre til Fortun. Fotturen opp til Fuglesteg gjer ein unna på rundt ein time. Fuglesteg er ein fråflytta høgdegard som Luster Turlag har overteke og gjort om til turisthytte. Hovudbygningen er bygd av stein og er vel verd å sjå både innvendig og utvendig, og utsynet ned mot Skjolden og Lustrafjorden er og verd turen.

Turleiarar er Edith Falkenstein tlf 41267440 og Sigrid Gjelsvik.

Foto: Kjell Arvid Stølen.