Skodda letta på onsdagsturen

På returen fekk turdeltakarane eit glimt av sola i det ho gjekk ned.
På returen fekk turdeltakarane eit glimt av sola i det ho gjekk ned. Foto: Sigrid Gjelsvik.

Vi var tre damer som gjekk frå Kleppstølen på Smådalsnipa sist onsdag.

Vi starta i skodde, men regnet blei det ikkje noko av, og skodda tok til å lette då vi var komne på toppen. Vi hadde ein triveleg tur på tre timar, fortel turleiar Sigrid Gjelsvik. 

Skodde på oppturen.
Skodde på oppturen. Foto: Sigrid Gjelsvik.
Skodda gjorde at det var smått med utsyn frå toppen av Smådalsnipa.
Skodda gjorde at det var smått med utsyn frå toppen av Smådalsnipa. Foto: Sigrid Gjelsvik.
Men så letta skodda.
Men så letta skodda. Foto: Sigrid Gjelsvik.