Lettare tilgang til Longevasshytta

Stegsvatnet den 11. august.
Stegsvatnet den 11. august. Foto: Torunn Solheim.

Med gode vêrutsikter ligg alt til rette for å ta ein tur til hyttene til Indre Sunnfjord Turlag.

Fram til no har det vore kronglete og litt risikabelt å gå langs Stegsvatnet frå Legestøylen i Årdalsdalen til Longevasshytta, men no har det smelta såpass at det er tilrådeleg, seier Torunn Solheim, som gjekk turen tysdag 11. august. 

Det ligg framleis litt snø langs med vatnet, men det tøyar fort no.

Det er og dei som dei siste dagane har gått til Longevasshytta frå Sandane /Fitjedalen. Det er framleis litt snø her og der, men snøen er fin å gå på.

Longevasshyta har god plass og fleire turfølgje kan opphalde seg inne utan at det verkar trangt. Vatnet er no kopla til inne i hytta, og hytta er reingjort. Det er godt med ledig plass utover hausten. Hugs at regelen er at vi MÅ ha førehandsbestilling!

Vi har og bra med ledig plass på Nipebu og Massbu.

HUGS Å BESTILLE PLASS!

Send e-post til

indresunnfjord@dnt.no eller ring 95827976

Blådalen på ruta frå Sandane til Longevasshytta. Det er framleis lit snø att i Blådalsreset.
Blådalen på ruta frå Sandane til Longevasshytta. Det er framleis lit snø att i Blådalsreset. Foto: Torunn Solheim.