Frårår å gå langs Stegsvatnet

Framleis is på Stegsvatnet, og mykje snø der stien går i høgre biletkant.
Framleis is på Stegsvatnet, og mykje snø der stien går i høgre biletkant. Foto: Arnfinn Valaker.

Mykje snø og usikre snøbruer gjer at det no ikkje er trygt nok å gå til Longevasshytta frå Legestøylen i Årdalen.

Langs Stegsvatnet er det svært krevjande å ta seg fram no, seier Arnfinn Valaker, som tok turen onsdag. Han hadde spade med seg og laga steg i snøbruene langs vatnet.

- Det var ein familie på veg til Longevasshytta som eg hjelpte, men vi brukte i alt fem timar på turen. Nokre stader gjekk det an å gå inntil bergveggen, men det kan vere utrygt på grunn av snø som kan losne over stien. Andre stader var det snøbruer som det er fort gjort å trakke gjennom, og er det ur under, kan det føre til skade.

Han gjekk tilbake til Legestøylen same kvelden og merka då at tilhøva endrar seg fort, stega han hadde spadd ut hadde mjukna.

Folk som har hytte i Årdalskupa har teke seg fram over isen på vatnet, ein av dei på ski. Men Valaker vil ikkje tilrå turgåarar å gjere det same. 

- Stegsvatnet ligg på 800 meters høgde, og når vi har passert midten av juli er det neppe særleg trygt.

Det er snøunderlag heile vegen langs Stegsvatnet og til Longevasshytta, opp mot meteren tjukt. Brua over elva før du kjem til hytta var øydelagt, så Arnfinn tok ein stige frå hytta og la plankar oppå som ei provisorisk løysing. 

Leiar Kjell Arne Hjellbrekke i Indre Sunnfjord Turlag er samd med Valaker og frårår folk å gå til Longevasshytta frå Årdal inntil vidare. Å gå frå Ålhus vil han heller ikkje tilrå, også der kan det vere usikre snøbruer. Eit tredje alternativ er å gå frå Nes i Naustedalen, men også der må ein rekne med å gå på snø mesteparten av vegen.

- Ta heller turen til Nipebu. Der har det vore fullt enkelte netter, men for det meste har det vore god plass, og der slepp du å gå på snø, seier Hjellbrekke.

Han seier at dei som vil overnatte må sende ein epost til indresunnfjord@dnt.no eller ringe/sende melding til tlf 95827976.


Her ser vi så vidt i taket på naustet ved inste Longevatnet.
Her ser vi så vidt i taket på naustet ved inste Longevatnet. Foto: Arnfinn Valaker.
Snø og is har herja med brua over ellva rett før du kjem til Longevasshytta. Det er over ein meter djup snø på andre sida.
Snø og is har herja med brua over ellva rett før du kjem til Longevasshytta. Det er over ein meter djup snø på andre sida. Foto: Arnfinn Valaker.
Arnfinn Valaker laga til ei provisorisk bru med hjelp av ein stige han henta på hytta.
Arnfinn Valaker laga til ei provisorisk bru med hjelp av ein stige han henta på hytta. Foto: Arnfinn Valaker.
Stegsvatnet sett frå Årdalskupa.
Stegsvatnet sett frå Årdalskupa. Foto: Arnfinn Valaker.
Srnfinn tok også turen til Blådalsreset. Mykje snø og is på det største Blådalsvatnet
Srnfinn tok også turen til Blådalsreset. Mykje snø og is på det største Blådalsvatnet Foto: Arnfinn Valaker.