Skal planlegge 50-årsjubileet

Frå v. Lisbeth Sommer, Kjell Arne Hjellbrekke, Atle Holsen og Agnar Åsnes. Med i nemnda er også Ingebjørg Erikstad.
Frå v. Lisbeth Sommer, Kjell Arne Hjellbrekke, Atle Holsen og Agnar Åsnes. Med i nemnda er også Ingebjørg Erikstad. Foto: Kjell Arvid Stølen.

Den 13. mai 2021 er det 50 år sidan Indre Sunnfjord Turlag vart skipa. Det må markerast.

Torsdag 20. februar vart første møtet i jubileumsnemnda halde. Der kom medlemmene med idear til korleis jubileet skal feirast.Det kan bli både jubileumsskriv, kalender, turar og festleg samver.

Dei aller fleste av dei som var tillitsvalde dei første åra er borte, mellom dei den første leiaren, Jon Gjerdåker. Men det skal la seg gjere å rekapitulere historia ved hjelp av lagsprotokollar, avisutklipp og ikkje minst opplevingar som eldre medlemmer sit inne med. 

Har du innspel til korleis vi skal markere jubileet, eller har ei historie du meiner bør ha plass i eit jubileumshefte, så ta gjerne kontakt på indresunnfjord@dnt.no.

Med i jubileumsnemnda er Atle Holsen, Ingebjørg Erikstad, Agnar Åsnes og Lisbeth Sommer. IST-leiar Kjell Arne Hjellbrekke kjem også til å ta i eit tak, medan Kjell Arvid Stølen skal vere sekretær for nemnda og forfattar av jubileumsheftet.

Full av turhistorie. Protokollen frå dei første åra til IST.
Full av turhistorie. Protokollen frå dei første åra til IST. Foto: Kjell Arvid Stølen.
Artikkel i Firda i mai 1971 om skipinga av IST.
Artikkel i Firda i mai 1971 om skipinga av IST.