Første styremøtet i 2020

Tysdag 7. januar vart det første styremøtet i Indre Sunnfjord Turlag i 2020 halde.

Der konstituerte styret. seg. Vigdis Flaten Kvamme held fram som nestleiar, medan Berit Berger-Nilsen tek på seg vervet som kasserar. Det som elles skjedde på møtet finn du her.

REFERAT

frå styremøte i Indre Sunnfjord Turlag tysdag 7.1. 2020 på kontoret til Sogn og Fjordane Turlag.

Til stades: Kjell Arne Hjellbrekke, Vigdis Flaten Kvamme, Jorunn Vågen, Anita Rennestraum, Berit Berger-Nilsen, Steffen Ben Jonstad, Linda Hågøy Tonheim og Kjell Arvid Stølen (referent). Roger Hopland kom til dei siste sakene på lista.

Sak 1. Konstituering av styret. Vigdis Flaten Kvamme held fram som nestleiar. Berit Berger-Nilsen blir kasserar.

Sak 2. Fordeling av arbeidsoppgåver i styret. Steffen Ben Jonstad blir kontakt for Barnas Turlag, Vigdis for hyttestyret, Anita for seniorgruppa, og Kjell Arne for merkenemnda, Berit for Bre-og fjellsportgruppa. Jorunn Vågen blir kontaktperson mellom IST og Folkemusikkfestivalen.

Sak 3. Møteplan første halvår 2020. Det vart semje om å halde styremøte annankvar månad, første tysdagen i månaden. Neste møte blir tysdag 3. mars. Kjell Arne skal prøve å finne alternativ møtestad.

Sak 4. Vidareføring av avtale med rekneskapsførar. Det vart samrøystes vedteke å forlenge avtalen med Jens Petter Bøe i perioden 1.10.2019-30.11.2020.

Sak 5. Marknadsføring. Vi skal halde fram med å annonsere turane våre på heimesida vår og på Facebook. I tillegg skal Linda få ansvaret for å legge ut informasjon og foto på Instagram for turar der ein ynskjer at yngre deltek. Vi skal og bruke Det skjer i Firda meir.

Sak 6. Ti-Tur 2020. Berit går ut av TiTur-gruppa i Sunnfjord kommune, Jan Roar Sekkelsten må spørjast om han held fram. Ben Steffen blir med som ny medlem, og Ronny Iden skal spørjast om han kan bli med. Vi skal og prøve å involvere Sunnfjord kommune v/folkehelsekoordinator Doris Rutledal. TiTur-gruppa i Dalsfjorden er alt etablert med sju medlemmer, sa Anita.

Sak 7. Onsdagsturane. Ronny Hopland tek på seg ansvaret med å sette opp turprogram for 2020. Det var semje om at onsdagsturane må få eige val på heimesida vår, ikkje saman med seniorturane.

Sak 8. Val av jubileumsnemnd. Kjell Arne sa at det har vore vanskeleg å få forpliktande svar frå dei han har kontakta om å vere med i ei slik nemnd. Men han held fram med arbeidet. Han ser føre seg å gi ut ein turkalender for 2020 med 50 turar, pluss eit jubileumshefte med historia til laget. Han vil også ha ei markering av jubileet i mai 2021. Vigdis sa at det også bør bli arrangert ein jubileumstur. Det var semje om at Kjell Arne jobbar vidare med planane.

Orienteringssaker.

a. Nye styremedlemmer fekk info om korleis dei går inn på Office 365, med passord etc.

b. Kjell Arne orienterte om at IST har fått 53.465 kr i momskompensasjon frå DNT.

c. Alle Via Ferrata-slyngene utanom ei er vekke frå utstyrslageret. Vi må finne ut kven som har dei.


Referat

Kjell Arvid stølen