Turprogrammet for 2020

Frå sjufjellsturen i Førde 2019. Rast på Hjellestølen før siste etappe.
Frå sjufjellsturen i Førde 2019. Rast på Hjellestølen før siste etappe. Foto: Atle Holsen.

No kan du ta til å planlegge kva turar du vil vere med på i 2020, for no er turprogrammet til IST klart.

I tillegg til det du ser i det utlagde turprogrammet kjem turar som Barnas Turlag arrangerer. Dei kan du m.a. finne i turprogrammet til Sogn og Fjordane Turlag.

Det kan også kome turar på kort varsel når det er utsikter til veldig bra turvêr, og sjølvsagt kan dårlege vêrmeldingar føre til avlysingar og utsettingar, slik vi opplevde det på nokre turar i 2019.

Meir informasjon om dei einskilde turane vil kome etter kvart under Komande aktivitetar på høgre sida av nettsida vår.

Godt turår 2020!

Frå breturen Lunde-Fjærland i 2019.
Frå breturen Lunde-Fjærland i 2019. Foto: Kjell Kleiven.