Ny bru i Fossedalen

Foto: Kjell Arne Hjellbrekke.


 Sist helg sytte ein liten dugnadsgjeng frå Indre Sunnfjord Turlag for at folk igjen kan krysse elva i Fossedalen trygt.



For no er brua i nedre Fossedalen i Askvoll utbetra, etter at den eine steinbrua kollapsa tidlegare i sommar. Ved stor vassføring har det vore utfordrande å kome seg over elva, seier IST-leiar Kjell Arne Hjellbrekke, som var med på dugnaden.

- Det er no laga ei ny trebru med rekkverk, og  det er montert rekkverk på dei eksisterande bruene, så no er skal det vere greitt og trygt å passere her på veg til Nipene, og området elles.

Indre Sunnfjord Turlag vil rette ei stor takk til alle som har bidrege, det gjeld både grunneigar, kommunane, Sunnfjord Energi og ikkje minst flinke dugnadsfolk.


Foto: Kjell Arne Hjellbrekke.
Foto: Anders Vie.
Foto: Kjell Arne Hjellbrekke.