Ta ei hausthelg på Longevasshytta!

Slik kan det vere på Longevasshytta.
Slik kan det vere på Longevasshytta. Foto: Kjell Kleiven.

Det er meldt knallvêr denne helga, kvifor ikkje ta ein helgatur til Longevasshytta?

- Ein haustur til Longevasshytta er absolutt å anbefale komande helg,  eller ei seinare godvêrshelg i haust, seier IST-leiar Kjell Arne Hjellbrekke.

- Du kan fiske eller berre ta deg ein roleg rotur på Longevatnet (hugs å ta på redningsvest som du finn i naustet), eller gå  i Blådalen ein tur, med eller utan fiskestang.

Turen frå Ålhus er delvis oppattmerka i sommar. Sjølv om det står att litt frå høgste punktet og ned til hytta, er det i godt  haustvêr greitt å finne vegen.

Går du frå Legestølen i Årdalen  er det lett og fint å gå no om hausten.

Hytta har nyleg vore reingjort etter alle kunstens reglar, og etter  utviding er det god plass til  til fleire turfølgje.