Dugnad på Longevasshytta

Dei som var med  på dugnaden på Longevasshytta 5.-8. september  fekk ei kjekk og triveleg helg i fjellet, med nydeleg haustvêr, gode temperaturar og sol det meste av tida.

Etter tre dagar med mykje arbeid, felles måltid og lange fine kveldar i dette fantastiske fjellområdet, var det ingen som hadde det travelt med å kome seg heim igjen.

Det var til saman 10 personar som var med på dugnaden, elles var det ein god del andre i fjellområda på og rundt hytta denne helga. Fredag hadde vi selskap med fleire som sanka sauer, og ein langvegsfarande frå Gardermotraktene, han hadde to dagsmarsjar igjen før han hadde gått Norge på tvers.

Det har etter som åra har gått vore mange dugnadar på Longevasshytta, minst ein per år, av og til to og tre, alt etter kva som må gjerast til ei kvar tid. Etter at vi utvida hytta i 2015 og 2016, har det vore ein liten lekkasje i veggen mot vest, dette var ein del av oppdraget denne gongen. Materialar, ved, gass, proviant, og nye sengekle var foke inn med helikopter fredag føremiddag, då var nokon av oss på plass for å ta imot, og sende returvarer tilbake, tomme gassflasker, brukte sengekle, og ein del søppel som hadde samla seg opp.

Bordkledning og lekter på vestveggen vart rive ned, veggen vart bygd opp igjen med ny vindtett, ny tetting rundt vindauga, og til slutt kom kledningen, og listene rundt vindauga på plass igjen.

Vi håpar og trur at denne veggen no toler vêr og vind. Skorsteinen over tak var sprukken, og av den grunn var det ein liten lekkasje, dette er no utbetra.

For å gjere det lettare å tømme utedoen vart det grave ut ein god del jord på eine sida.

Innvendig vart hytta vaska og skrubba frå golv til tak, alle sengeklea er skifta, proviantlageret er oppgradert med nye varer, og det vart rydda og ordna i skuffer og skåp. Det vart også laga to nye stigar, den eine til hemsen over det nye soverommet, og den andre til overkøya på soverommet mot Blådalen.

Ref Kjell Kleiven.

Foto: Kjell Kleiven.
Foto: Kjell Kleiven.
Foto: Kjell Kleiven.
Foto: Kjell Kleiven.
Foto: Kjell Kleiven.
Foto: Kjell Kleiven.
Foto: Kjell Kleiven.
Foto: Kjell Kleiven.
Foto: Kjell Kleiven.