Færre går organiserte turar

IST-leiar Kjell Arne Hjellbrekke.
IST-leiar Kjell Arne Hjellbrekke. Foto: Kjell Arvid Stølen.

Det er ein tydeleg trend: Stadig fleire går i fjellet, men det er færre som blir med på dei organiserte turane til Indre Sunnfjord Turlag, seier IST-leiar Kjell Arne Hjellbrekke.

Dette er mest tydeleg på onsdagsturane til turlaget. På tre av turane i sommar og haust har det berre vore ein deltakar i tillegg til turleiaren. Det var tilfelle på turen til Viefjellet 4. juli, til Tindefjellet 24. juli og Grimeland-Eikåsnipa-Flugedalen 4. september. På turen til Nareggja i Naustdal 31. juli var det to, det same på turen til Fløyen i Gaular 11. august, til Finneskotet i Holsen 22. mai var det fire, og på Sandegga den 10. juli var det fem. Eit heiderleg unnatak var turen til Blåfjellet i Naustdal 12. juni med 13 deltakarar.

Dårlege vêrmeldingar har nok vore medverkande til at det har vore få på enkelte av turane, men Kjell Arne Hjellbrekke trur hovudårsaka er at folk i større grad enn før går på eiga hand. Det har vore stor trafikk til dagsturhyttene, så mange har prioritert å oppsøke desse framfor å gå på turar med turleiar. 

Også på dei lengre fotturane i helgane merkar Hjellbrekke nedgang. Nokre turar har blitt avlyste, både på grunn av dårleg vêr og få påmelde.  Størst interesse var det for turen til Svartepøyla i Naustdal. Dit gjekk 17 personar i fint vêr  den 27. juli. På sykkelturen på Rallarvegen 31. august var det med 13, til Høgenipa 18. augut 12, Oldeskaret 11. august 12, Vora 20. juli 12, og Kvannebakkbu 25. august 10 deltakarar. 

Hjellbrekke har ikkje tal for dei andre turlaga i Sogn og Fjordane og elles i landet, men han meiner det er ein tendens over heile landet at folk i større grad går fjellturar på eiga hand.

Men ei gruppe er kjerringa mot straumen: På seniorturane til IST har det vore godt oppmøte, størst suksess hadde turleiar Odd Skrede med turen til Sandane og Trivselskogen. https://indresunnfjord.dnt.no/artikler/nyheter/17566-flott-tur-til-sandane/. 30 personar vart med i veteranbussen frå Firda Billag. 

Eit anna heiderleg unnatak må og nemnast: I steikande sommarvame gjekk 54 personar sjufjellsturen i Førde den 15. juni.


Onsdagstur Grimeland-Eikåsnipa den 4. september. Artikkelforfattaren var den einaste deltakaren utanom turleiar Kjell Arne Hjellbrekke.
Onsdagstur Grimeland-Eikåsnipa den 4. september. Artikkelforfattaren var den einaste deltakaren utanom turleiar Kjell Arne Hjellbrekke. Foto: Kjell Arvid Stølen.
Onsdagsturen til Blåfjellet i Naustdal.
Onsdagsturen til Blåfjellet i Naustdal. Foto: Sigrid Gjelsvik.
Ein del av dei som gjekk sjufjellsturen i Førde.
Ein del av dei som gjekk sjufjellsturen i Førde. Foto: Kjell Kleiven.