Fine opplevingar på Rallarvegen

Foto: Kjell Kleiven.

Rallarvegen 2019: 13 spreke syklistar var med på turen over fjellet denne gongen.

 Alle møtte i Flåm laurdag morgon for å ta Flåmsbana opp til Myrdal. Flåmsbana er ein av dei største og mest spektakulære turistattraksjonane i Norge. Den spennande jernbanestrekninga lokkar kvart år til seg menneske frå heile verda.

Etter ein liten time på Myrdal stasjon reiste vi vidare til Haugastøl med toget som går mellom Bergen og Oslo (Bergensbana). Turen følgjer anleggsvegen som blei laga då Bergensbana blei anlagt rundt forrige århundreskifte. Her er mykje fin høgfjellsnatur og kulturminne frå eitt av Norges største anlegg. Terrenget skiftar mellom rolege austlandsfjell aust for vasskiljet og bratte vestlandsdalar på vestsida. I nord ruvar det mektige Hallingskarvet med sine 1900 meter, og i sør ligg Hardangerjøkulen med blåis og bresprekker.

Vi hadde valt å leige syklar for turen over fjellet, noko som er ganske vanleg. Desse syklane er utstyrte med bremser og dekk som er berekna på denne type sykling.

Med leigde syklar, lappesaker, pumpe og sidevesker til bagasje trakka vi i veg mot Finsehytta, som var målet den første dagen,ein strekning på ca 28 km og litt over 200 meter stigning.

Vêrmeldingane var som vanleg veldig varierande alt etter kvrr ein prøvde å oppdatere seg, så vi var eigentleg førebudde på det meste.

Første dagen frå Haugastøl til Finse var det opphaldsvêr, det var meldt ein del vind, men vi nådde fram til Finsehytta før kulingen kom. Temperaturen var heller ikkje noko å klage på, med andre ord ein fin haustdag i fjellet.

Etter middag, sosialt samver og ei god natts søvn på Finsehytta starta neste dag med ein lang frukost før vi var klare til å ta fatt på litt over 50 km med grusveg av ymse kvalitet. Ei og anna slaghole, litt utvaska vegbane med grov stein på enkelte parti, men ikkje verre enn at det gjekk fint om farten ikkje var for høg på dei mest utsette plassane.

På grusveg som svingar seg fint bortover og nedover i frodige dalar, på bruer over fossar og stryk, forbi Hallingskeid og vidare til Vatnahalsen før dei bratte bakkane og dei 21 hårnålssvingane nedover til Flåm som var endepunktet, var det ingen som angra på at dei vart med på denne klassikaren av ein sykkeltur.


Ref. Kjell Kleiven

Foto: Kjell Kleiven.
Foto: Kjell Kleiven.
Foto: Kjell Kleiven.
Foto: Kjell Kleiven.