Bli med på dugnad!

IST skal i løpet av hausten gjenomføre ein del arbeid på stinettet vårt.

Det handlar om rydding, grøfting, merking, brubygging med meir. Til det treng vi di hjelp.

Stader vi vil prioritere arbeid no i september er Flugedalen i Førde, Sele i Bygstad, Breiskora i Solheimsdalen og nedre  Fossedalen i Fjaler.

Vi er og i gang med andre prosjekt, remerking Massbu-Nipebu og  Ålhus-Longevasshytta.

Det er er sjølvsagt  mange  andre stader det er behov for utbetring.

Viss du vil hjelpe oss med dette arbeidet, ta kontakt med Atle Holsen  92602715, eller Kjell-Arne

Hjellbrekke 9582776, så kan vi få lagt ein vidare plan for arbeidet. Ta kontakt helst før 1.9. 2019.