Få, men trufaste onsdagsturgåarar

Kjell Befring og Anders Vie på toppen av Nareggja.
Kjell Befring og Anders Vie på toppen av Nareggja. Foto: Sigrid Gjelsvik.

Sist onsdag hadde Lydia Nesje med seg ein turdeltakar på onsdagsturen til Tindefjellet i Jølster. Den 31. juli fekk Sigrid Gjelsvik med seg to.

Talet på turgåarar steig frå sist onsdag, vi var tre på turen til Nareggja. Veret letta, og vi hadde ein triveleg tur. Takk for turen til dei to trufaste som møtte opp, seier Sigrid. Dei trufaste var Anders Vie, som også var med til Tindefjellet, og Kjell Befring.

Litt lågt skydekke, men likevel fint utsyn utover Førdefjorden.
Litt lågt skydekke, men likevel fint utsyn utover Førdefjorden. Foto: Sigrid Gjelsivik.
Foto: Sigrid Gjelsvik.
Foto: Sigrid Gjelsvik.
Foto: Sigrid Gjelsvik.