Onsdagstur til Tindefjellet

Varden på Tindefjellet.
Varden på Tindefjellet. Foto: Kjell Arvid Stølen.

Det blir endring på turmålet for onsdagsturen 24.juli.

I staden for tur frå Berg i Jølster til Høgefjellet, blir det Tindefjellet Lydia Nesje skal leie turdeltakarane til. Det blir oppmøte som vanleg på Esso i Førde klokka 18, Lydia møter på parkeringa ved garden på Årset.

Utsyn austover Jølstravatnet frå Tindefjellet.
Utsyn austover Jølstravatnet frå Tindefjellet. Foto: Kjell Arvid Stølen.