54 fullførte sjufjellsturen i varmen

Rast på Hjellestølen.
Rast på Hjellestølen. Foto: Atle Holsen.

Det vart løyst mykje sveitte på årets sjufjellstur i Førde. I alt 54 fullførte turen i steikande sol og god sommarvarme.

Heile følgjet samla på Hjellestølen, før siste mota opp mot Førdsnipa.
Heile følgjet samla på Hjellestølen, før siste mota opp mot Førdsnipa. Foto: Kjell Kleiven.

Det vart nesten deltakarrekord på jubileumsturen over dei sju fjella, på tur nr 25 stilte heile 62 stk til start. Det er berre to gonger før det har vore fleire med på denne styrkeprøva, fortel turleiar Kjell Kleiven.

Og sjelden har vel vêret vore like bra og stabilt som denne gongen, med gode temperaturar og sol kunne vi starte i shorts og t-skjorte. Dette antrekket kunne vi gå i heile dagen frå start til mål.

På grunn av den høge temperaturen vart dette ein av dei tyngste turane på desse 25 åra. Med varmegrader rundt 25 pluss vart det ein krevjande tur.

Klokka 07.30 starta vi mot første toppen, Fureviknipa, og vidare i rask rekkefølge, Skinnbroka, Fauskevarden, Halbrendsnipa, og ned til foten av Hafstadfjellet, ved Bekkjevatnet, der vi hadde den første lange pausen. Dette er den lettaste delen av turen, ca fem timar på desse fire fjella.

Neste etappe gjekk over Hafstadfjellet, og ned til Bruland, vidare innover langs med E39, over hengebrua og til Soleide. Ny lang matpause her.

Viefjellet er for mange det tyngste taket på heile turen, og det var det også denne gongen. Opp gjennom skogen, i bratt terreng, vindstille og 25 grader, kjendest det ut som føtene var fulle av bly, sola steikte og sveitten rann i strie straumar, og sveitte kroppar er noke som flugene likar, desse var til tider svært plagsame, men langt om lenge var vi på toppen.

No var det verste over, og neste stopp var ved Ryggjabrua. Det har etter kvart blitt tradisjon med servering av pizza og cola før siste fjellet, og det vart det også i år. Dette er noke alle set stor pris på. Med påfyll av mat og drikke var vi no klar for siste fjellet, opp gjennom skogen til Hjellestølen, i roleg tempo. Til no hadde alle turdeltakarane gått i hælane på turleiaren heile dagen, men frå Hjellestølen, fekk flokken gå meir eller mindre fritt.

Dei som hadde litt krefter igjen fekk no ta ut det siste, det var nett som røyskattar oppover lia, konkurranseinstinktet slo inn for fullt hos enkelte, og det gjekk so skitspruten sto etter dei oppover. Klokka 21.30 var sistemann oppe. 54 av totalt 62 fullførte turen. Klokka 23, etter 38,2 km, og litt over 15 timar på tur var alle trygt nede i Grovene.

Her er namna på dei 54 som var med heile turen: 

Bjarne Morken, Anja Lena Selstad, Henrik Egge, Solveig Stranden, Jone S. Fadnes, Helene S. Hauge, Geir Kvellestad, Ingvild Indrebø, Monika Litsheim, Kai Vidar Nygård, Tore Martin Øren, Heidi Sognnes, Mona Nyløy, Marie Grønnevik, Silje Grønnevik Refsdal, Lise Marie Haugen, Per Tore Maier, Jorunn Liv Kleiven, Mali Engeseter, David Engeseter, Tobias Paulen, Liv Janne Bell, Tora Toreng, Christoffer Henden, Stig Hestad, Cedrik Hofman, Arne Dvergsdal, Vigdis Folkestad, John Åge Nydal, Ronja Øygard, Siv Flatjord, Andres Pardo Rodriguez, Steffen Sandene, Berit Berger Nilsen, Øystein Viken, Bodil Bruland Viken, Jostein Kåre Midtbø, Edvin Bruland, Sissel Kleiven, Roald Ask, Anne Berit Holsen, Hege Sandal Høyvik, Hilde Renate Ekroll, Tore Farsund, Marit Kleiven, Stian Hårklau, Kathrine Grytten, Margunn Leknes Gryte, Solfrid Lange, Sandra Berg, Svein August Gillesøy, Sonja Guddal, Atle Holsen og Kjell Kleiven.

Turleiar Kjell Kleiven klar til neste etappe, Fauskevarden-Halbrendsnipa.
Turleiar Kjell Kleiven klar til neste etappe, Fauskevarden-Halbrendsnipa. Foto: Atle Holsen.
Turfølgjet ormar seg opp mot første toppen, Fureviknipa.
Turfølgjet ormar seg opp mot første toppen, Fureviknipa. Foto: Atle Holsen.
Kvil på Halbrendsnipa.
Kvil på Halbrendsnipa. Foto: Kjell Klelven.
Påfyll av energi ved Ryggjabrua,  pizza før stigninga opp mot Førdsnipa.
Påfyll av energi ved Ryggjabrua, pizza før stigninga opp mot Førdsnipa. Foto: Atle Holsen.
På Viefjellet.
På Viefjellet. Foto: Atle Holsen.