Titurar i Sunnfjord kommune

Laukelandshesten (678 moh)  er eitt av måla for Tituren 2919. Panoramautsikt mot fjellet Fløyen og Dalsfjordbrua.
Laukelandshesten (678 moh) er eitt av måla for Tituren 2919. Panoramautsikt mot fjellet Fløyen og Dalsfjordbrua. Foto: Steffen Ben Jonstad

Sjølv om Sunnfjord kommune ikkje er ein realitet før i 2020, blir årets Titur lagt opp med tanke på den nye storkommunen.

Indre Sunnfjord Turlag og Sunnfjord kommune samarbeider i år om Titur Sunnfjord. I år famnar Titur Sunnfjord om turmål i den nye storkommunen, frå breane i aust til fjøresteinane i vest. Naturen er ein del av vår felles identitet, og vi håpar du får nye impulsar og flotte naturopplevingar. Del gjerne bilete og turrapporter på nett med emneknaggen #istitur19.

Periode for å registrere besøk på turmåla

Besøk på turmåla registrerer du i perioden 1.mai til 1. oktober.

Premiar

  • Deltakarpremie til alle som går minst 10 av 15 turmål, born under 7 år får premie for 5 turar.
  • 4 Gåvekort, verdi 1000 kr pr gåvekort – trekt tilfeldig når sesongen er avslutta blant dei som har gått 10 eller fleire turar, 5 turar for born under 7 år.
  • Bonuspremie – vert trekt tilfeldig undervegs blant alle som har registrert minst ein tur.

Slik registrerer du turane

  • Digital registrering i SjekkUT - https://www.dnt.no/sjekkut/
  • Du må også fylle ut turkort, og levere dette på turlagskontoret ved sesongslutt. Turkortet får du turlagskontoret eller skriv ut frå sida til turlaget

Turmål

Førde: Dagsturhytta Gyttakvia, Viefjellet, Eikåsnipa, Botnafjellet.

 Jølster: Halvgjerda, dagsturhytta Fjellro, Håheimsfjellet og Kvannebakknova.

Naustdal: Dagsturhytta Steinkorshytta, Blåfjellet, Ramsdalsnipa (Solheimsnipa) og Russeneset/Engelneset (GPS-punktet her er tenkt på Engelneset).

Gaular: Dagsturhytta Kårstadskaret, Storehesten og Laukelandshesten.

​​​​​​​

Dagsturhytta Gyttakvia i Førde er eit nytt mål for Titur.
Dagsturhytta Gyttakvia i Førde er eit nytt mål for Titur. Foto: Kjell Arvid Stølen.