Vêret vart bra på turen

Spektakulær nedkøyring mot Sognefjorden.
Spektakulær nedkøyring mot Sognefjorden. Foto: Dag Nestegjerde.

Den årlege skituren til Munkeggi i Balestrand vart flytta ein dag fram på grunn av dårlege vêrmeldingar.

Turen skulle etter planen gå søndag 17. mars, men turleiar Dag Nestegjerde fann ut at med den vinden som var meldt til søndag, var det ikkje forsvarleg å gå i høgfjellet då. Difor valde han å flytte turen til laurdag.

Då var vêrmeldingane mykje betre. Likevel låg skodd lågt, og snøen lava ned langs Sognefjorden laurdag morgon, fortel Nestegjerde.

I alt 13 deltakarar frå Sogn og Sunnfjord møtte opp for å gå på Igdedalseggi 1226 moh og Munkeggi 1270 moh.

Det var litt vanskeleg sikt i starten, men etter kvart kom finvêret som meteorologane hadde lova. Skydekket sprakk opp, og sola kom gjennom.

Dermed fekk dei 13 turglade valuta for innsatsen. For utsynet over Sognefjorden og renna frå Munkeggi ned til busetnaden i Balestrand er i ein klasse for seg sjølv, seier Nestegjerde.

Deltakarane samla før turen opp mot Munkeggi.
Deltakarane samla før turen opp mot Munkeggi. Foto: Dag Nestegjerde.