Fin tur til Steinegga

På veg opp frå Bergstøylen.
På veg opp frå Bergstøylen. Foto: Kjell Arvid Stølen.

Det er ikkje mykje snø i fjellet, men måndag var det heilt greie tilhøve for dei som tok turen i finvêret opp til Steinegga i Jølster.

For oss som er pensjonistar betyr det ikkje så mykje om det står laurdag eller måndag på kalenderen. Det som betyr noko er om vêret er laglag for ein tur. Og det var det så absolutt denne måndagen den 11.mars.

Saman med Geir Eikås tok eg turen til Berg i Svidalen, der vi parkerte og bar skia nokre få hundre meter før vi kunne spenne dei på og gå oppover skogsvegen. 

Då vi kom opp til Bergstøylen var det bra med snø. Det var knapt eit vindpust, og sola varma i stigninga opp mot Steinegga. Det hadde vore folk der i helga, men det var ikkje veldig oppkøyrt. Siste metrane opp til toppen på 1165 moh var det litt avblese.  Men det var blekkstilt der oppe, og veldig fint å sitte og nyte utsynet mot Jølstravatnet medan vi åt og drakk.

Nedattkøyringa gjekk greitt, med nokså varierande dugleik i laussnøen, og på skogsvegen var det ein og annan stein som stakk opp, slik at dei som er redde for skia sine bør ta det roleg.

På toppen, 1165 moh.
På toppen, 1165 moh. Foto: Kjell Arvid Stølen
Geir Eikås nyt utsynet mot Jølstravatnet.
Geir Eikås nyt utsynet mot Jølstravatnet. Foto: Kjell Arvid Stølen
Utsyn mot Isvatnet,910 moh.
Utsyn mot Isvatnet,910 moh. Foto: Kjell Arvid Stølen.