Årets første trugetur

Fint utsyn utover Førdefjorden.
Fint utsyn utover Førdefjorden. Foto: Frida Mulen

Søndag 27. januar var det tur på truger til Nordheia og Djupeviknipa.

Vi var sju turgåarar og ein hund som vart med på årets første trugetur til Nordheia og Djupvikenipa. Sola kom og vart med oss på heile turen, vi kunne kjenne at den varma når vi var på veg nedover bakkane igjen.

Det bles friskt frå aust, og aller mest heilt ute på kanten av Djupvikenipa. Fin og lett tur over skoggrensa som går opp til 662 moh, med flott utsikt mot Heilefjellet og Førdefjorden.

Litt vind, elles fin tur.
Litt vind, elles fin tur. Foto: Frida Mulen