Du kan leige toppturski

Tur til Krunene frå Angedalen.
Tur til Krunene frå Angedalen. Foto: Kjell-Arne Hjellbrekke.

Har du lyst å prøve randonneski, men er usikker på om du vil kjøpe slikt utstyr sjølv?

Du er kanskje av dei som har gått på toppturar med "gamaldagse" fjellski, og som etter kvart kjenner at du ikkje lenger er komfortabel med å sette rett utfor,  nedattkøyringa kan ofte bli lang når du ikkje torer å la det stå til. Denne skribenten kan skrive under på at toppturane vart ei heilt ny og betre oppleving etter at han fekk randonneski til 60-årsdagen.

Eller kanskje du er av dei som ikkje har prøvd deg på topptur med ski på beina, og har lyst å prøve? I så fall har Sogn og Fjordane Turlag løysinga. Der kan du leige toppturutstyr. Turlaget har fem par randonneski på kontoret i Førde og sju par på Jølster Skisenter i Bjørkelia.

Sogn og Fjordane Turlag leiger ut komplett utstyr med ski, stavar, sko i ulike storleikar og hjelmar.

Prisen for vaksne DNT-medlemmer er 250 kroner, for ikkjemedlem er prisen 500 kroner.

Er du ungmedlem i DNT (under 26 år), får du låne ski gratis. Men hugs å ta med medlemsbevis. Er du under 26 år og ikkje er medlem, er prisen 250 kroner.