Kjøp Opptur hos turlaget

Leiar Kjell Arne Hjellbrekke (t.v.) saman med forfattar Stig Roger Eide under ei boksignering før jul.
Leiar Kjell Arne Hjellbrekke (t.v.) saman med forfattar Stig Roger Eide under ei boksignering før jul.

Har du framleis ikkje skaffa deg Opptur Indre Sunnfjord?

I så fall kan du også kjøpe den direkte frå Indre Sunnfjord Turlag ved å kontakte leiar Kjell Arne Hjellbrekke (tlf 958 27 976). Prisen er 448 kroner. Turlaget har nemleg kjøpt inn ein del bøker som vi kjem til å selje ved ulike høve eller gje vekk som gåver ved spesielle høve.

Sidan lanseringa i november har salet av den nye turboka for indre Sunnfjord gått svært godt, opplyser Kjell Arne.

Men om du ikkje fekk den til jul eller har kjøpt den sjølv, er det framleis råd å få tak i boka som er skriven av Stig Roger Eide og gitt ut på Selja Forlag i samarbeid med Indre Sunnfjord Turlag.

- No er det ei fin tid å planleggje sommarens turar på, så har du ikkje boka kan eg hjelpe med å skaffe deg ei, seier Kjell Arne.

Opptur Indre Sunnfjord inneheld omtale av 166 fotturar i kommunane Førde, Naustdal, Gaular og Jølster. Både nærturar og lengre turar er omtala med tekst, bilete og kart. Med andre ord ei bok fullspekka med turtips, litt lokalhistorie og mange flotte og inspirerande bilete.

Ifølgje leiaren vår, Kjell Arne, er boka eit "must" for alle som likar å gå i fjellet og som ønskjer å oppleve nye turområde og toppar.

Boka vert og seld hos lokale bokhandlarar og i fleire nærbutikkar i dei fire kommunane.