Dugnad på Longevasshytta

Foto: Kjell Kleiven

Denne helga, 28.-30.09, var det igjen tid for dugnad på Longevasshytta, og når turlaget skal arrangere dugnad er dei avhengige av at folk stiller opp og gjere ein innsats. Og som mange gonger før mangla det verken på innsats eller folk. 

Sjølv om det var svært dårlege meldingar for helga var det ein god gjeng som tok turen innom hytta for å bidra. Tilsaman 12 personar var med. 

Fredag kveld kom det helikopter med ved, gass, proviant og mykje anna nødvendig utstyr som skulle brukast. 

Hytta vart vaska og skura,  sengkleda vart skifta på alle sengene og proviantlageret fekk full gjennomgang, rydda og oppfylt. Alle skuffer og skåp vart endevent, rydda og vaska. 

Den gamle og velbrukte døra i uthuset vart skifta ut med ei ny. I samband med at uthuset er utvida, har vi no og bygt to nye senger der. 

Etter utvidinga av hytta har det mangla oppbevaringsplass for bøker, kart og diverse anna lesestoff. Dette måtte vi gjere noko med. Og når kreative og oppfinnsomme personar blir utfordra ordnar det meste seg. Ei solid og spesiell bokhylle vart bygt og montert.  

Hytta er  gjort klar for vinteren. Båtane er kome i naustet, kanoen er på plass under hytta, vatnet er  stengt av og ved og gass for vinterbruk er lagra på vaskerommet. 

Turlaget, hyttestyret og hyttetilsyn takkar alle som var med på nok ei triveleg helg på Longevsshytta. Ei helg med  mykje godt utført arbeid, felles måltid, lange kveldar med mange og gode historier.

Når snøbygene går som verst og vinden røskar og river i hytteveggane, vedomnen sprakar og knitrar har vi det fint på Longevasshytta.

Kjell Kleiven, leiar i hyttestyret

NB! Sjå bilete frå dugnaden i biletkarusellen under