Stusdal – Kalvedalshytta – Andvik

Den planlagde turen frå Stusdal til Andvik, med overnatting på Kalvedalshytta, vart gjennomført i strålande vær fra fredag til laurdag.

Dette vart ein dag tidlegare enn først planlagd, men med kun fire karar på lista over deltakarar (inkl turleiar) var det ei smidig gruppe som lett kunne byte dag.

To kom fra Sunnfjord i nord, to kom fra sør til Stusdal. Me gjekk ca kl 17 og brukte i underkant av tre timar inn til Kalvedalshytta, med pausar og i roleg tempo.

Den største diskusjonen på turen oppstod då halvparten av gruppa såg Kalvedalshytta i det fjerne, medan den andre halvdelen verken såg hytta eller meinte den kunne ligge der vi «trudde» vi såg hytta.

Men heldigvis, det var inga hildring. Hytta vart større og større etter kvart som me nærma oss, og til slutt såg alle den.

På hytteveggen hang det norske flagget, og me tykte det var ei passande mottaking for oss. Då rekna me også med at det var folk der og at det kunne bli trangt om plassen – men hytta var tom og me fekk kvelden for oss sjølv.

Til middagen fekk boksane med Joikakaker stå i fred. Min gode kamerat fra Kvingo drog opp kortreist hjortebiff med tilpassa tilbehør og drikke. Me hadde eit herleg middagsmåltid, tusen takk frå oss alle tre.

Laurdag morgon vart det avgang kl 09 mot Andvik. Ruta går sør og vestom Storevatnet og vidare langs austsida av Meisdalsvatnet og til slutt ned Meisdalen, eller Nørrlandsdalen som den heiter lokalt.

Det var stort sett tørt og fint å gå, med nokre få snøfonner som enno låg over stien.

Heile turen fra Stusdal til Andvik er stort sett godt merka, sjølv om me nokre få stader måtte sjå oss godt om for å finne att merkinga. Men det er få stader å gå feil, så vi gjekk trygt og godt heile vegen.

Halve gruppa tok ein tur oppom Ådneburen, når me likevel gjekk tett forbi, og fekk nyte utsikten over ca ein tredel av kystlinja til «Vestland».

Fra Kalvedalshytta til Andvik brukte me ca fem og ein halv time. Tida opp og ned til Ådneburen kjem i tillegg.

Denne turen kan me tilrå til alle som har litt tid til overs ei godværshelg eller i ferien. Denne veka starta arbeidet med å bygge ny hytte i Kalvedalen, så i framtida vert det god kapasitet der inne.

Turen går i lett terreng, og det er svært liten høgdeforskjell på turen gjennom fjellheimen. Litt opp og ned vert det alltid.

Skal ein gå heile vegen krev det litt større krav til transportlogistikk.

Eg ynskjer Indre Sunnfjord Turlag velkomen attende til Nordhordland til neste år – og me har plass til fleire. :-)

Helsing turleiar Geir Andvik