Seniorturar kvar tysdag

Foto: Sigrid Gjelsvik

Seniorgruppa inviterer på tysdagsturar i mai og juni.

Tysdag er turdagen for deg som har fri på dagtid. Alle som kan gå tre–fire timar i terreng, kan vere med.

Ta med litt niste og termos til matpausen.

I tillegg inviterer seniorgruppa på fire laurdagsturar. Den første går 2. juni til Høgeheia frå Hollevik. Turleiar her er John Lien. Dei neste turane er slik: 14. juli Fyglastøylen frå Skei med Odd Skrede som turleiar. 25. august går turen til Trodalen-Angedalen med Kjell Fimland som turleiar. Årets siste laurdagstur går til Hamnanova i Jølster 8. september med Odd Skrede som turleiar. Sjå elles turoversikten vår på indresunnfjord.dnt.no for meir detaljerte turomtalar.

Tysdagsturar i mai og juni:

Frammøte på Esso i Førde klokka 10.00.

08. mai: Svistølen, frå Helgåsvegen kl. 10.30. Turleiar Ludvig Birkeland, tlf. 993 52 159

15. mai: Bekkjevatnet, frå Flatene skule kl. 10.15. Turleiar Edith Falkenstein, tlf. 412 67 440

22. mai:  Steinkorsen, frå Kringla kl. 10.30. Turleiar Sigrid Gjelsvik, tlf. 917 01 820

29. mai:  Sjønakletten, frå Hegreneset kl. 10.45. Turleiar Magnhild Rørvik, tlf. 970 68 622

05. juni: Nordheia, frå tunellen kl. 10.20. Turleiar Odd Skrede, tlf. 959 29 864

12. juni: Fagredalen, frå Skilbrei kl. 10.30. Turleiar Magni Kvile, tlf. 913 13 703

19. juni: Botnavatnet, frå Botnen kl. 10.30. Turleiar Edith Falkenstein, tlf. 412 67 440

26. juni: Massbu, frå Nedre Laukelandsstølen kl. 11.00. Turleiar Ingvald Os, tlf. 900 12 898