Her kan du laste ned turprogrammet vårt

Foto: Merete Støfring

Lyst på tur i 2018? Sjå kva vi kan by på!

Også i år kan vi tilby eit rihaldig turprogram for både store og små. Over 120 turar og aktivitetar står på programmet vårt. Vi kan freiste med alt frå fot- og skiturar til klatring, kajakkpadling og bålkos. Også friluftsskule for born og unge kan vi tilby. Med andre ord noko for ein kvar smak, uansett interesse og ferdigheitsnivå. 

Bladbar, digital utgåve kan du lese her!

Her kan du lese og laste ned PDF-utgåva!

Onsdagsturane vert annonserte når det nærmar seg oppstart av dei i byrjinga av mai. 

Du finn alle heile programmet i turkalenderen her på nettsida vår. Dei fleste turane har førebels ikkje så fyldige omtalar eller bilete, men det kjem etterkvart. :-) 

Alle turane vert annonserte på Facebook, tillegg til månadlege annonser i Firda i sommarhalvåret.

Tidlegare har vi og gitt ut turprogrammet i papirutgåve som vi har sendt i posten til alle medlemmane våre. I år kjem den berre i digital utgåve. Forklaringa er enkel. Vi ønskjer heller å bruke pengane på turar, aktivitetar og drift av hyttene våre. Og i ei tid der dei dei aller fleste har tilgang til nett og brukar Facebook aktivt, ser vi at vi når ut til medlemmane våre like godt digitalt som på papir. 

For dei som likar å ha turprogrammet på papir, fekk de nyleg fylkeslaget vårt, Sogn og Fjordane Turlag, sitt turprogram i posten. Det inneheld også alle turane til Indre Sunnfjord Turlag.

Vi håpar du finn noko av interesse og vert med oss på tur eller om du går turen åleine overnattar på ein av dei tre hyttene våre.

Vi sjåast! God tur!