Tur ved fjorden

Spennande og flott Barnas Turlag-dag i Frammarsvik.

Omlag 35 born og vaksne starta ved Håjen kafé og spaserte ilag heilt ned til fjæra søndag 15. april.

Turleiar Ludvik leda an og fortalte litt undervegs frå gamle dagar. Området ved fjæra vart utforska både av store og små... Mange fiska, men det var lite med fisk å få. Men sidan sola varma og det var heilt vindstille, vassa borna i fjæra medan dei plukka dyr som «kongekrabbe» og rare plantar til akvariet.

I tillegg til niste vart det servert god tomatsuppe, og borna laga sine eigne pinnebrød! 

Området inviterte også til turn både for store og små.

Alle var ivrige og vart med på ei lita økt med strandrydding (Kystlotteriet), så gjenstår det å sjå om Barnas Turlag er heldige og vinn.

Takk til alle som var med på tur i fjæra med Barnas Turlag!

Tekst og foto: turleiar Annlaug Birkeland