Nedturen var ingen STOR opptur

Foto: Vigdis Flaten Kvamme

Med sterkt fokus på skredfaren dei siste dagane før turen på Grovabreen,droppa turlaget Fagredalen med sine flotte renn denne Skjærtorsdagen.

Turleiaren frykta eigentleg parkeringskaos meir enn skredfaren denne dagen, men med godvilje får bonden fekk vi plass til alle bilane som frakta dei 56 deltakarane.

Når turfølget vert så stort, vert det og stor spredning i kondisjon og tempo. Men når vêret slo til slik det gjorde, praten gjekk lett og augene aldri vart mette av Jølsternatur, var det ikkje noko stort problem med litt lange pauser.
Sjølv om vegen frå brekanten og inn på høgste breakulen er litt «kjedeleg» og lang for alle med breie ski og tunge sko, ville alle inn på toppen – «Toppsjuka» som lensmannen i Jøster kallar det.

På toppen skjedde det noko som ikkje hender så ofte på turlagsturar, 15-20 personar melde seg av turen. Dei tok turen ned Fagredalen i staden for å renne ned same veg som vi gjekk opp - slik resten av turfølgje gjorde.

Dei fekk nok eit langt finare renn enn oss andre, men for turlaget gjeld regelen om at:

«Er du tvil så er du ikkje i tvil»

Takk for følgje til ein positiv og sprek gjeng, frå turleiarane, Asle Veien, Irene Befring og Marino Ask som hoppa inn på kort varsel.

Skrevet av Asle Veien 30. mars 2018