Lærerik topptur

Foto: Kjell Arne Hjellbrekke

Botnafjellet vart til Indrebøfjellet på grunn av dåreleg sikt - rundt  600 meter.

Veret var ikkje helit topp for ein  topptur. Etter eit døgn med sterk vind i fjellet, som hadde flytta rundt på den flotte puddersnøen som vi hadde ønskt oss, valde vi Indrebøfjellet om alltid er ein sikker og grei topptur i nesten allslags ver.

Vi var tre som brukte morsdagen og fastelavenssøndagen til ein tur i flott vinterlandskap.

Turdeltakarane hadde ikkje noko særleg erfaring med breiski-turar (randoneè). Men vi fekk prøve mange typar snø undervegs og kjent litt på vinden og veret.

Det var ei fin og lærerik turoppleving. Og så fekk vi verkeleg prøvd oss i djup, tung snø.

Helsing turleiar Kjell Arne Hjellbrekke