Sesongens første trugetur

Alt klaffa då sesongens første topptur med truger gjekk på søndag.

Turen skulle eigentleg gått forrige søndag, men på grunn av dårleg ver måtte den utsettast. Og den utsettelsen var vi heldige med. Sol, vindstille og godt føre gjorde at dei 12 deltakarane fekk ein skikkeleg kosetur gjennom eit prospektkort av norsk vinterlandskap mot toppen av Klungeren. Der oppe kunne vi ete nista i vindstilla med storslått utsikt mot Hestane, Langeland og store deler av Gaular. 

For nokre av deltakarane var truger ei ny oppleving, medan andre var meir erfarne trugebrukarar.

Frå Masdalsgjelet følgde vi ruta som skigåarane brukare opp mot toppen. Vi brukte kring to timar opp og kring halvannan time nedatt i veltrakka spor.