Desse fekk gåvekorta i TiTur Dalsfjorden

Vinnarane av historiens første TiTur Dalsfjorden har fått overrekt premiane sine.
Det var glade vinnarar vi møtte på MX Sport i Dale laurdag 18. november. Dei synest det hadde vore kjekt å prøve seg på nye toppar – alle hadde fått gått på fjell dei ikkje hadde vore på før.
Det vart delt ut tre gåvekort frå MX Sport Dale til: Sissel Hestad Vie frå Stongfjorden, Elin Ullebø Ulvik frå Dale i Sunnfjord og Eline Vårdal, Holmedal (trekt ut blant dei unge). Dei tre vart trekte ut blant dei som hadde levert inn turkort.
Arrangørane er godt fornøgde med gjennomføringa av det fyrste året med TiTur Dalsfjorden. Dei er allereie godt i gang med planlegginga av neste års toppar som vert lansert i løpet av april ,men det som allereie er klart er at det vert 10 heilt nye toppar. TiTur Dalsfjorden vil neste år starte 1. juni og gå fram til 1. oktober. Det er eit mål å få med fleire barnefamiliar til neste år.
Tusen takk til alle som har delteke!
Tekst og foto: Ingeborg Opdøl Tysnes, for TiTur-gruppa i Dalsfjorden
Frå årsmeldinga til Indre Sunnfjord Turlag har vi elles saksa dette om TiTur Dalsfjorden:
Besøket på toppane syner at TiTur Dalsfjorden vart eit svært populært tilbod alt første året. I alt er det registrert 4446 besøk i bøkene og 756 på appen SjekkUT. I alt 125 personar har levert inn turkort (39 i Askvoll og 86 i Dale).
Instagram-kontoen tel 157 bilete.
Besøket på dei ulike toppane fordeler seg slik (registrerte i appen i paranets):
- Einingsfjellet 793 (88)
- Dokka 650 (81)
- Bakkekletten 585 (88)
- Blåfjellet 447 (76)
- Jøtelshaugen 372 (85)
- Fristadfjellet 369 (66)
- Flekkestølen 368 (68)
- Taket 314 (71)
- Vardeheia 310 (66)
- Bakkefjellet 238 (66)

