Onsdagstur: Kvannfjellet

Fellestur

Dato
25. juli kl. 18:00
Vanskelighetsgrad
Middels  
Passer for
Alle
Arrangør
Indre Sunnfjord Turlag

Kvannfjellet har flott utsikt vestover til blant anna Hestane og Blegjamassivet. I nord-aust er det fin utsikt til fjella innover Angedalen og Naustdal.

Lengda på turen er seks kilometer frå Ryggjabrua i Angedalen. Dei første kring fire kilometerane går på skogsbilveg til Ramstadstølen, Stien mot Kvannfjellet held fram forbi det øvste stølshuset til Tjednalitjernet og vidare til skaret over Vasslivatna. Her er litt dårleg sti ett stykke, før stien går vidare oppover mot nordvest til toppen av Kvannfjellet på 881 moh.Turen er av dei lengre Onsdagsturane, og vi reknar med å vere nede att ca 22.30.

Onsdagsturane er kveldsturar som går i høveleg tempo med ei turtid på ca 3-4 timar. Dei fleste turane går i og rundt Førde, slik at det ikkje vert så langt å køyre til startpunktet. Men vi har og nokre turar i nabokommunane.

Det er frammøte klokka 18.00 på Esso i Førde, der vi samordnar transporten. 

Vi oppmodar dei som ikkje køyrer sjølve om å betale minimum kr 20,- til sjåføren og evt meir ved lang transport. Alle bør også vere sjåfør innimellom, slik at ikkje dei same må køyre kvar gong. Turoversikten finn de på indresunnfjord.dnt.no. Endringar i turprogram vert kunngjort på heimesida vår og på Facebook.

Kontaktinformasjon:

  • Kjell Arne Hjellbrekke
  • Tlf. 958 27 976