Vikastøylen og Kleivafjellet

Fellestur

Dato
16. september kl. 08:30
Vanskelighetsgrad
Krevende  
Passer for
Alle
Arrangør
Indre Sunnfjord Turlag
Dette arrangementet er over!

På denne utsiktsturen får du sett føtene dine på Nikolai Astrup sin berømte "Kollen". Turen kan meistrast av dei fleste med motivasjon for å gå i litt bratte bakkar.

Turen startar ved gamle HV-10 bygget på Skei. Støylesvegen opp til Vikastøylen opplevast av mange som det brattaste og tyngste partiet på turen. I starten går du i tett skog og kratt, men landskapet opnar seg på slutten, og du får nydeleg utsikt vestover langs Jølstravatnet. Frå støylen går vi i jamn stigning opp lia mot egga, der vi får nydeleg utsikt over Jølstravatnet. Om været er bra kan vi gå vidare innover mot Skafonnfjellet for å få enno betre utsikt over Kjøsnesfjorden.

Turen går på tydeleg sti heile vegen. Vi må rekne med å møte på enkelte myrlendte og våte parti undervegs. Turen vil ta omlag 4-5 timar. Oppmøte på Esso i Førde kl 08.30. der oppmøtte samkøyrer frå Førde. Turleiar Anne Cecilie Kapstad møter opp på Felleskjøpet på Skei kl. 09.15. For informasjon om turen kan du kontakte turleiar på 99202656 eller lese meir om turen her: https://www.ut.no/tur/2.18188/

Turen kan bli avlyst dersom det vert ekstreme nedbørsmengder.

Kontaktinformasjon:

  • Anne Cecilie Kapstad
  • Tlf. 992 02 656