AVLYST: Trollet-Sølvet-Syskarsnipa på Ålhus

Fellestur

Dato
19. august kl. 08:00
Vanskelighetsgrad
Middels  
Passer for
Alle
Arrangør
Indre Sunnfjord Turlag
Dette arrangementet er over!

Turen er avlyst pga dårlege vermeldingar. 

Denne ryggturen startar på Nedrebø på Ålhus, og tek oss inn i det vestligaste alpine terrenget i Jølster. Etter kvart som vi stig opp ryggen frå Nedrebø mot Blåfjellet og Trollet får vi gradvis betre og betre utsikt over Jølstravatnet og dei bratte fjellsidene som kransar rundt Nedrebødalen. Det er lett og fint terreng å gå i på store delar av ryggen, men vi må rekne med å gå i noko stein/ur. Om været er bra går vi vidare til Kvitsvornipa og Syskarsnipa før vi tek retur same veg. Vi kan tilpasse lengda på turen etter vær og forhold. Om vi går heile turen må vi rekne med å bruke 6-8 timar. Pga. utfordringar med å finne grover og bekkar undervegs er viktig å ha med godt med drikke. Sidan området kan vere noko vindutsett enkelte dagar bør du ha med varme klede, vindjakke, hue og hanskar.

Oppmøte på Esso i Førde kl. 08.30. Turdeltakarane samlar seg i bilar der og samkøyrer til COOP på Vassenden der turleiar står. Dei som ønsker det kan møte kl. 09.00. på Nedrebø.

Turleiar er Anne Cecilie Kapstad.

Kontaktinformasjon:

  • Anne Cecilie Kapstad
  • Tlf. 992 02 656