AVLYST: Kvannebakkbu

Fellestur

Dato
15. september kl. 08:00
Vanskelighetsgrad
Krevende  
Passer for
Alle
Arrangør
Indre Sunnfjord Turlag
Dette arrangementet er over!

Vi må dessverre avlyse denne turen pga dårleg ver. Turen går i krevjande terreng, og med det veret vi har no, er det ikkje tilrådeleg å gå. 

Laurdag 15. september tek vi turen til Kvannebakknova i Stardalen, 1520 moh. Vi møtast kl 08.00 ved Esso i Førde og køyrer samla. Turleiar møter ved busstoppet i Langhaugane på Vassenden.

I Stardalen tek vi bomvegen opp i Befringsdalen, 50 kr å betale, så køyrer vi denne til endes og er startklare på 600 moh. Vi går innover dalen på nordsida av elva på god sti, passerer dei flotte Befringsstølane, vidare innover til dalbotnen på småkupert sti  før vi tek oss bratt opp mot skaret til strupen 1212 moh. Vidare i grov ur til høgre opp ryggen til toppen, no med framifrå utsikt til breen. Oppe på toppen i brekanten ligg Kvannebakkbu, ei lita og opa redningsbu. Her tek vi hovudpausen og nyt utsikta til breen og fjella ikring.

Bereknar ca 6-7 timar inkludert pausar og turen går kun i godt vær. Gode fjellsko er å anbefale då vi går ein del i stein og ur på slutten av oppstigninga.

Vel møtt på tur. Hugs å alltid sjekke nettsida kvelden før tur for evnt oppdateringar.

Turleiar er Lydia Nesje.

Denne turen var opphaveleg sett opp 30. juni, men pga mykje snø i Strupen på det tidspunktet, er turen utsett til lørdag 15. september.

Kontaktinformasjon:

  • Lydia Nesje
  • Tlf. 959 07 019