Sjufjellstur i Askvoll

Fellestur

Dato
1. mai kl. 08:00
Vanskelighetsgrad
Krevende  
Passer for
Alle
Arrangør
Indre Sunnfjord Turlag
Dette arrangementet er over!

Vi inviterer alle til ein 7-fjells tur langt ut mot havet, i Askvoll. Dei siste åra har vi brukt åtte timar på heile turen, og førre tur var vi 43 som starta. På denne turen fekk vi veldig god tilbakemelding, slik som «Kvifor har vi ikkje oppdaga dette fabelaktige terrenget før. Ei utsikt heile dagen som er heilt unik».

Vi møtest ved kyrkja i Askvoll og går derifrå i samla tropp der Blåfjellet vert første topp og Fristadfjellet det siste. Mellom dei to toppane går turen via Eggjene - Hjartåsen - Smørkletten - Eggjene og Kultingane.

Turleiarar vert John Lien og Svein Follevåg.

Kontaktinformasjon:

  • John Lien
  • Tlf. 918 61 083