Skitur til Venevassegga

Fellestur

Dato
2. april kl. 10:00
Vanskelighetsgrad
Krevende  
Passer for
Alle
Arrangør
Indre Sunnfjord Turlag
Dette arrangementet er over!

Siste info frå turleiar: i år er det veldig hardt opp kneika frå vegen, og det blir bering av ski eit kort parti både opp og ned. Hugs skifeller, samstundes som ein må ha broddar til den delen av turen som må gåast på føtene. Turleiar møter forøvrig deltakarane på parkeringsplassen på Rørvikfjellet kl 10.30. Deltakarane samordnar seg sjølv ved avreise frå Esso kl 10.

Måndag 2. påskedag vert det skitur til Venevasseggja 1023 m.o.h. Møt opp på Esso i Førde kl.10.00 Parkering på den nye P-plassen på Rørvikfjellet, med avgang kl.10.30. Sidan det er litt bratt i byrjinga, kan det vere lurt å ta med fellar. Frå toppen er det storslått utsikt mot Holsen, Haukedalen og Viksdalen.

Turtid ca. 4 timar. Ta med godt med klede og niste.

Atle Holsen tlf 907 29 826 fører oss trygt fram og tilbake.

Kontaktinformasjon:

  • Atle Holsen
  • Tlf. 907 29 826