Skitur til Taket frå Steiestølen

Fellestur

Dato
11. mars kl. 09:00
Vanskelighetsgrad
Middels  
Passer for
Alle
Arrangør
Indre Sunnfjord Turlag
Dette arrangementet er over!

Turen startar på Steiestølen i Fjaler kommune, ca 10-15 km frå kommunesenteret i Dale. Parker ved Røde kross-hytta på Steiestølen (god parkering).

Turen startar på om lag 400 moh, med relativt tung stigning den første delen. Når denne er unnagjort er det lett til middels stigning mot toppen. Frå toppen (underkant av 800 moh) er det flott utsikt i alle himmelretningar og på ein god dag kan ein nesten sjå heilt til England. Ein tek same veg tilbake som opp. I siste nedkøyringa vel mange å bere skia delar av traceen. Sommarstid er stien merka til toppen som del av Kystarvsti-prosjektet, men då ein anna sti/løype. På grunn av utfordrande elvekryssing, kan vi dessverre ikkje nytte denne traseen vinterstid.

Vil anslå turen som litt tung i første partiet, men som dei fleste klarar fint utan å vere i sin livs form. 4-5 timar t/r i normal «dorgefart».

Turen krev sedvanleg tur-utrustning. Eit tips kan vere å ta med skifeller om ein har dette, spesielt for første del av turen.

Avreise kl 09 frå Esso i Førde. Avgang frå Steiestølen kl 10.

Turleiar er Vegard Strand.

Kontaktinformasjon:

  • Vegard Strand
  • Tlf. 909 71 478