Avlyst Tjuven-Skåla - Bødalsæter

Fellestur

Fra dato
23. april kl. 08:00
Til dato
24. april
Passer for
Alle
Arrangør
Indre Sunnfjord Turlag
Avlyst: Denne aktiviteten er dessverre avlyst. Grunna Covid-19 restriksjonar vert det utfordrande å gjennomføre.

Breruta – På ski langs Tindefjellsryggen frå Skåla til Bødalsæter

Isbrear, fjord og fjell, dette er vestlandet på sitt beste!

Ruta går i eit eventyrleg landskap med fantastisk utsikt utover Nordfjorden, og innover langs Tindefjellsryggen mot Jostedalsbreen og vestlandsdronninga (Lodalskåpa).

Turen startar ved parkeringsplassen på Tjuven (Tyva) fredag, og følgjer elva Fosdøla oppover eit stykke i Fosdalen før vi svingar oss mot Skålavatnet og vidare opp til Skåla. Turen opp på Skåla er bratt og vert med sine 1848 moh rekna å være det høgste fjellet i Norge med foten i fjorden.

Vel oppe på Skåla innlosjera vi oss på Skålabu, DNT sin nye ubetjente hytte.

Neste morgon starta med tidleg frukost og avgang innover mot Stryneskåla og Skålabreen. Frå Skåla byr turen på mange oppstignigar og nedkøyringar langs Tindefjellsryggen og over ein rekke brear innover mot Kåpevatnet, Lodalskåpa og Jostedalsbreen.

Dette er ein tøff og krevjande tur for deg som likar lange turar med fjellski, tung sekk, og fleire tusen høgdemeter.

Ruta er bratt og utsatt, og turen krev stabilt vær og føreforhold.

Gjennomføring av turen føreset at Skålabu er opna att etter nedstenging. Dette vil først bli avklart i starten av april.

 

Overnatting: Skålabu. Ver merksam på at det er sengebooking på Skålabu. Du må bestille seng på førehand og kunne viser fram bookingreferanse for opphaldet. Bestill seng Skålabu her.

Deltakar: Maks 10 personar

Nivå: God fysisk form, erfaring frå bre og vinterfjellet, og å bære tung sekk. Utstyr: Fjellski, heilfeller, skismurning/halvfeller, generell vinterkledning. Sjå pakkliste for vinterturar

 

Påmeldingsfrist: 14 april, til turleiar.

Kontaktperson: Sissel Vedvik, tlf: 481 26 210, e-post sissvedvik@hotmail.com

Turleiarar: Arnfinn Valaker og Sissel Vedvik

Avreise Esso Førde: Fredag 23. april, kl. 13.00.

Oppmøte, og avgang frå Tjuven i Loen (parkering til Skåla) kl. 15.15

Kontaktinformasjon: