NB! AVLYST! Bli med til naturperla Svartepøyla!

Fellestur

Dato
25. juli kl. 09:00
Vanskelighetsgrad
Krevende  
Passer for
Alle
Arrangør
Indre Sunnfjord Turlag
Turområde
Fjordane (se kart)
Dette arrangementet er over!

NB! Turen til Svartepøyla må avlysast. Årsaka er at det er for mykje snø i området, og det er is på alle tre vatna.

(IST gjentek suksessen frå i fjor med tur til Svartepøyla, sjølv om vi ikkje kan love like godt vêr.
Svartepøyla er ei litt gøymd perle inst i tidlegare Naustdal kommune. Her ligg det tre vatn etter kvarandre, Fremste, Midtre og Inste Svartepøylsvatna i ein svært idyllisk høgfjellsdal på ca 870 moh. Inste vatnet ligg rett under Blåfjellet, som er det høgste flellet i tidlegare Naustdal kommune. I sør har ein Longevasstrandsegga som skil Svartepøyla og Longevatna der Longevasshytta ligg.

Turen startar ved parkeringsplassen ved Vonavatnet, der det blir båtskyss inn til Vona Gard. Frå Vona (500 moh) går ein på lett sti opp til Vonastølen, vidare i blandingsterreng (litt myr og småskog) opp til Varebakkane på ca 850 moh. Her er det god utsikt og passande med ein liten rastepause. Vidare i slak unnabakke skrålies innover til elvekryssing nord for Holebotssvatnet. Herifrå i ny stigning opp på Tverrfjellet, der ein etter kvart får ei flott panoramautsikt over heile Svartepøyla. No går ein i lett skråning ned og inn til elva mellom Fremste og Midtre vatnet, som blir turens endemål. Her tek vi ein god matpause og avslapping ca 1,5 time. Er det fint vêr og god temperatur, er det fint å bade ved rasteplassen. Ein kan også gå eigne småturar inn til dei andre vatna om ein har lyst.

Turen tek omlag 3 til 3 ½  time ein veg i passeleg tempo og nokre pausar. kanskje litt kortare tid heimatt med mindre pausar. Ein møter ved Vonavatnet kl 9, då det går litt tid til båttransporten. Påmelding til tlf 46506022 (Ola Kringlen), dette er viktig i høve til båttransporten.
Turen er middels krevjande, og ein bør vere i brukbar form for å vere med, og born bør vere litt vande med å gå i fjellet. Ha med gode kle og rikeleg mat, det kan vere surt så høgt til fjells om det skulle komme vind eller regn/skodde. Vanlege joggesko er ikkje å anbefale, bruk gode fjellsko. Ein tek atterhald om evt avlysing ved dårleg ver.)

NB! AVLYST! Bli med til naturperla Svartepøyla!

NB! Turen til Svartepøyla må avlysast. Årsaka er at det er for mykje snø i området, og det er is på alle tre vatna. (IST gjentek suksessen frå i fjor ...

Kontaktinformasjon: