NB! AVLYST! Dei majestetiske sunnmørsfjella

Fellestur

Fra dato
31. juli kl. 08:00
Til dato
1. august
Vanskelighetsgrad
Krevende  
Passer spesielt for
Voksne, Ungdom, Fjellsportinteresserte
Arrangør
Indre Sunnfjord Turlag
Turområde
Sunnmørsalpane (se kart)
Dette arrangementet er over!

NB! TUREN ER AVLYST PÅ GRUNN AV FOR FÅ PÅMELDE.

(Når vi kjem til Øye på Sunnmøre parkerer vi bilane ved Skylstad, der det er gode parkeringstilhøve. No ventar rundt 700 høgdemeter på vegen mot Patchellhytta. På hytta vil vi nyte ein god middag, den er inkludert i prisen. Hytta har god standard. Det er reservert rom, så vi må vere der før klokka 19.00

Etter frukost og nistesmøring lørdag morgon, legg vi i veg mot Slogen 1564 m.o.h. Ryggen opp mot Slogen er ikkje spesielt luftig. Det er først dei siste 20 meterane det kan vere litt krevjande å finne ein god veg, og ein må rekne med litt småklyving. Topplatået er luftig og ikkje spesielt stort, men det gjev til gjengeld ei heilt ubeskriveleg vakker utsikt mot ein grønblå fjord og alpine, snødekte fjell. Vi vil ta oss god tid, slik at alle får ta rikeleg med bilete. Vi går ned att mot stien som fører oss vestover mot Urkeegga. Der går vi på god sti over Maudekollen og Klokksegga og ned mot Urke camping som er overnattingsmålet. Her kan vi om ynskjeleg grille på kvelden. Vi kan handle på den lokale butikken.

For dei som ikkje har føter til det, eller lyst til å gå den litt lange vegen over Urkeegga, er det mulegheit for å gå ned att til bilen og køyre til Urke camping.

Søndag tek vi turen til Saksa 1073 m.o.h. Vi går først på god sti gjennom skogen. Vi vil ta turen innom gapahuken for å nyte den fine utsikta som openberar seg der. Når vi kjem opp i Leknesdalen går råsa mot nord i store svingar opp til steinura. I steinura går vi på hellelagde trappetrinn mot toppen. Dette er ein forholdsvis lett tur med ei formidabel utsikt. Vi går same vegen ned att.

Dette er ein tur som berre går i fint ver. Har du spørsmål, ikkje nøl med å ta kontakt, turleiar har vore i området fleire gonger.

Turleiar: Vigdis Flaten Kvamme, 481 06 362)

NB! AVLYST! Dei majestetiske sunnmørsfjella

NB! TUREN ER AVLYST PÅ GRUNN AV FOR FÅ PÅMELDE. (Når vi kjem til Øye på Sunnmøre parkerer vi bilane ved Skylstad, der det er gode parkeringstilhøve. No ventar rundt 700 ...

Kontaktinformasjon:

Turleder:

  • Vigdis Flaten Kvamme