Lunde-Fjærland på søndag

Fellestur

Dato
22. september kl. 07:00
Vanskelighetsgrad
Krevende  
Passer for
Alle
Arrangør
Indre Sunnfjord Turlag
Turområde
Breheimen med Jostedalsbreen, Fjordane (se kart)
Dette arrangementet er over!

Så klaffa det omsider med fine vêrmeldingar i ei helg. Dermed satsar vi på å gå den utsette breturen frå Lunde til Fjærland søndag 22. september, seier turleiar Kjell Kleiven. 

På denne turen skal vi gå ei av dei klassiske rutene over Jostedalsbreen, ei rute som har vore brukt i mange generasjonar, og er den kortaste overgangen over breen.

Vi reser frå Essostasjonen i Førde, kl 07.00 og køyrer til Lunde i Jølster,( inngangen til Fjærlandstunnelen). Nokre bilar køyrer vi gjennom tunnelen til Bøyadalen, for transport tilbake etter endt tur.

Avgang frå Lunde ca 08.30, vi går den mykje omtala stien opp Lundeskaret,til Trollavatnet, og vidare mot Marabreen, vidare over breen til Kvitevardane,og ned i Bøyadalen.

Turtid 8-10 timar

For kryssing av breen kan det vere nødvendig med stegjarn/broddar.

For spørsmål ang. turen, turleiar Kjell Kleiven, tlf 99242772.

Turen går berre i godt vêr.

Lunde-Fjærland på søndag

Så klaffa det omsider med fine vêrmeldingar i ei helg. Dermed satsar vi på å gå den utsette breturen frå Lunde til Fjærland søndag 22. september, seier turleiar Kjell Kleiven.  ...

Kontaktinformasjon:

  • Kjell Kleiven
  • Tlf. 99242772

Turleder:

  • Kjell Kleiven