Øyane over

Fellestur

Dato
26. mai kl. 07:00 - 19:00
Vanskelighetsgrad
Middels  
Passer for
Alle
Arrangører
Flora Turlag, Indre Sunnfjord Turlag
Turområde
Fjordane (se kart)
Dette arrangementet er over!

Båttur og fottur på øyane Hovden - Batalden - Skorpa - Kinn.  Saman med Indre Sunnfjord Turlag

Det er korte og lette turar på kvar øy. Dersom du ønsker, kan turen bli meir krevjande om du går alle toppane.  Du får med deg det meste av skjergarden utanfor Florø. Ei kulturvandring i kysthistorisk landskap.  

 
Turen tek 12 timar. Du kan velge om du vil gå over toppane eller langs sjøen på alle øyane. For å få båttransporten mellom øyane til å fungere må det vere eit visst tempo på turane over toppane.  Det er lettare turar for dei som ikkje vil gå over alle toppane.

Du kan gjerne ha ekstra kle, mat og drikke med deg som du kan ha liggande på båten. Ha ein liten sekk med deg på turen over øyane.  Hugs å ta med godt med drikke

Båten går frå Fugleskjærskaia i Florø kl. 07.00. Møt opp i god tid for å registrere deg og få billett. Ved betaling i bank er det viktig å merke innbetalinga med namn! Husk å ta med kvittering. 

Deltaking på alle turlagets turar skjer på eige ansvar.

Påmelding og informasjon innan laurdag 25.mai kl 18.00 og er bindande:
Flora Turlag: Astrid Breiland Eliassen  415 49 299  eller
                            Arnfrid Bergheim  481 23 163

Indre Sunnfjord Turlag:  Heidi Ødemark   980 32 513

Siste retur frå Kinn kl. 18.30  tilbake på Fugleskærskaia i Florø til kl. 19.00 -  då båten skal inn i ordinær rutetrafikk.

På Øyane Over kan dei som vil gå langt, fort og høgt gjere det, men det er også mogeleg å ta det litt meir roleg. Rutealternativa på Øyane Over finn du på informasjonskrivet – vi kan ikkje tillate eigne rutetrasear.  Dersom været eller andre forhold tilseier det kan vi korte ned på turane og gjere rutendringar undervegs.

Informasjonsskriv til Øyane Over     Skriv det gjerne ut og ta det med deg! 

Gledeleg melding frå Gunhild Bjelland, eigar av Batalden Havbu: 
"Søndag 27.mai blir det nyopning av galleriet under "Øyane over" med m.a. Kjeld og Alexander Stub som gjesteutstillar."

 

Prisar:

Medlem i turlaget/DNT: kr. 600

Ikkje medlem: kr. 650

Ungdom < 25 år med studentbevis kr. 550

Kontonummer:  3775 65 53268

VIPPS nummer554905    Øyane Over 

 

Øyane over

Båttur og fottur på øyane Hovden - Batalden - Skorpa - Kinn.  Saman med Indre Sunnfjord Turlag Det er korte og lette turar på kvar øy. Dersom du ønsker, kan turen ...