onsdags- og seniorturar

Her ser du kvar onsdagsturane går, og programmet for seniorturane.

Onsdagsturane:

Lista over onsdagsturane til Indre Sunnfjord Turlag er klar. Her er årets turoversikt.

Som tidlegare år vert det oppmøte kl 18.00 ved Esso i Førde for samordna transport. Til hausten kan det verte nokre turar som startar kl 17.-17.30. Dette vert annonsert.

Onsdagsturane er kveldsturar som går i høveleg tempo med ei turtid på ca 3-4 timar. Turane høver for alle anten du søkjer mosjonen, det sosiale fellesskapet eller om du ønskjer å verte betre kjend i fjella kring Førde.

Turane går i Førde og nabokommunane, vi prøver å variere turane kvart år, men det vert nokre gjengangarar, særleg pga at vi ikkje skal ha så lang transport til startpunkta for turane.   

Vi oppmodar dei som ikkje køyrer sjølve om å betale minimum kr 20,- til sjåføren og evt meir ved lang transport. Alle bør også vere sjåfør innimellom, slik at ikkje dei same må køyre kvar gong. Oversikta viser kva turar vi har planlagt, men det kan verte endringar, så vi oppmodar dykk om å fylgje med på heimesida vår og på Facebook.

Dato

  Turmål

Turleiar

1/5

Hornnesstølen og Klumpen

Terje Jan Nes

8/5

Solsidevegen – Liafjellet

Henning Malones og Lydia Nesje

15/5

Fluge- Storetrævarden- Årsetfjellet 

Lydia Nesje

22/5

Fleten - Finneskotet

Atle Holsen

29/5

Viskedal - Halvgjerda

Anne Berit Holsen

5/6

Dagsturhytta Fjellro – Håheimsfjellet

Gunnar Sunde

12/6

Helle- Blåfjellet

Sigrid Gjelsvik

19/6

Bolsetnipa


Knut B. Skurtveit

26/6

Skyttarkvia – Førdsnipa

Jorunn Vågen

3/7

Dagsturhytta Gytta – Viefjellet

Anders Vie

10/7

Åsane – Sandeggja

Kjell Kleiven

17/7

setnipa


24/7

Svidalen/Berg – Høgefjellet

Lydia Nesje

31/7

Nareggja frå Mortensbakke  


Roy Raasholm Fauske

7/8

Byrkjeflot-Kusslistølen-Gravvatnet


Jan Roar Sekkelsten

14/8

Kinna – Blomfjellet

Kjell Befring

21/8

Fauskevarden

Frida Mulen

28/8

Rimmane


Ronny Iden

4/9 Grimeland

– Eikåsnipa

Kjell Arne Hjellbrekke

11/9

Dagsturhytta Gaular  Kårstadskaret

Jan Roar Sekkelsten

18/9

Bekkjavatnet avslutningstur m grilling

Jan Roar Sekkelsten

Seniorturane:

Seniorgruppa i Indre Sunnfjord Turlag  har sett opp  åtte turar på programmet for  vårsesongen  2019.

Turdag blir tysdag, og oppmøtet er ved Esso i Førde  klokka 10 (ein kan og møte der gåturen startar).

Sjølv om dette er turar retta mot pensjonistar er dei sjølvsagt opne for alle.


7/5     Nordheia                                                                                     turleiar Odd Skrede

14/5  Svistølen                                                                                       turleiar Sigrid Gjelsvik

21/5  Dagsturhytta Skaraly i Gaular                                                    turleiar Invald Os

28/5  Fyglastølen via dagsturhytta Fjellro Jølster                          turleiar Odd Skrede

4/6   Dagsturhytta i Naustdal Steinkorshytta                                 turleiar  Edith Falkenstein

11/6 Gjøsetstølen                                                                           turleiar Magni Kvile

18/6 Dagsturhytta Nykshytta i Askvoll                                         turleiar Jon Lien

25/6 Dagsturhytta Gloppen, Trivselsskogen Sandane                   turleiar Odd Skrede.

3. september: Dagsturhytta Fløgjen i Florø

ca. 1 t. gange. Turleiar Edith Falkenstein.

10. september: Dagsturhytta Vidsyn i Fjaler

2 km. ca 1 t. gange. Turleiar Odd Skrede.

17. september: Dagsturhytta Gytta i Førde

Ca. 45 min. gange. Turleiar Edith Falkenstein.

Frammøte felles transport ved Esso i Førde kl. 10.00.