Bli medlem
I tillegg til medlemsfordelene du kan lese om på linken under, er det ein del fordeler som er knytte til Indre Sunnfjord Turlag. Dersom du melder deg inn i DNT vil du automatisk tilhøyre IST dersom du bur i kommunane Jølster, Førde, Gaular, Naustdal, Fjaler eller Askvoll. Du kan også be om at medlemskapen din vert knytt til IST sjølv om du bur andre stader i landet.
Som medlem i DNT vil du sleppe turavgift på dei turane i regi av IST som har slik avgift. Vidare får du låne gratis turutstyr som Via Ferrata-slyngjer, breutstyr, truger og anna.
IST har også ein avtale med Din Sport i Førde som gjev medlemmer opptil 30% rabatt.
MEDLEMSTILBOD
Alle som er medlemmer i Indre Sunnfjord Turlag får følgjande rabattar hos Din Sport:
- Ferrino telt, sekkar, soveposar, rumpetasker, liggeunderlag, 30% rabatt
- Ferrino fjell- og frìtidsklede 30% rabatt
- Baldas truger 30% rabatt
- Iviund sokkar 30% rabatt
- Marmot fjell- og fritidsklede 20% rabatt
- Alfa/Crispi fjellstøvlar 20% rabatt
- Lowa/Scarpa-fjellstavar 20% rabatt
- Skiutstyr: ski, bindingar og stavar 20% rabatt
- Klatreutstyr: sko, tau, sìkringsutstyr mm. 20% rabatt
Din Sport har óg drikkesystem, gamasjer, turstavar, spader, søkjestenger m.m. I tillegg er det avtalt større rabattar ved fellesinnkjøp til laget. Avtalen medfører også at Din Sport sin logo skal brukast i alle annonser, og i dei fleste publikasjonar i regi av Indre Sunnfjord Turlag.