Ikkje IST-tur til Hafstadfjellet

Frå eitt av åra med stor oppslutnad om bålbrenninga på Hafstadfjellet.
Frå eitt av åra med stor oppslutnad om bålbrenninga på Hafstadfjellet.

Sidan 1999 har Indre Sunnfjord Turlag arrangert bålbrenning på Hafstadfjellet nyttårsaftan. Men ikkje i år.

- Vi i IST har valt å ikkje stå for denne måten å markere nyttår på i unnataksåret 2020, seier leiar Kjell Arne Hjellbrekke. Men han legg til at det sjølvsagt står folk fritt til å ta turen opp på Hafstadfjellet eller andre turmål og ta med seg ved til eit bål.

Tradisjonen starta då IST ville markere inngangen til det nye årtusenet, og sidan har det vore årvisst. 

Indre Sunnfjord Turlag vil nytte høvet til å takke alle medlemmer og samarbeidspartnerar for god innsats i 2020. Trass i koronapandemien har det vore bra aktivitet, og no håpar vi at 2021, jubileumsåret vårt, skal bli eit svært aktivt år for turglade sunnfjordingar. Det manglar iallfall ikkje på planar og turalternativ. Godt nytt turår!

Til slutt vil vi minne om at det framleis er råd å få kjøpe turkalenderen vår. Vi er 50 år i 2021, og kalenderen kostar 50 kroner. Du finn han på Coop Extra i Førde, rett utanfor postskranken, på Intersport i Førde, på Elvetorget og på Power Askvoll. Du vippsar 50 kr til 88239 og skriv kalender. Og til dei som alt har kjøpt kalenderen, reklamer gjerne til slekt og vener!