No kan du kjøpe jubileumskalenderen

Framsida av kalenderen er pryda av eit foto Atle Holsen tok under arbeid med stimerking ved Yndestadstølen. Stimerkaren på biletet er Kirsti Holsen.
Framsida av kalenderen er pryda av eit foto Atle Holsen tok under arbeid med stimerking ved Yndestadstølen. Stimerkaren på biletet er Kirsti Holsen.

Som ein del av 50-årsjubileet sitt neste år har Indre Sunnfjord Turlag satsa på ein kalender for jubileumsåret.

Det er samla inn foto frå turaktivitetar og av vakker Sunnfjord-natur frå dei 12 månadene i året. No er kalenderen klar for sal, fortel IST-leiar Kjell Arne Hjellbrekke.

Det er trykt opp 1500 eksemplar, og prisen er 50 kroner.

Du finn jubileumskalenderen på Coop Extra, (utanfor postskranken), på Intersport (Erdal Sport) og på turlagskontoret i den tidlegare postkontorbygningen ved Langebrua.

Du betalar enklast via Vipps til 88239 Indre Sunnfjord Turlag, alternativt til konto 3705.08.39223.

Dette kan vere ei fin, rimeleg julegåve, så det er fullt lovleg å kjøpe fleire kalenderar.