Klar for årsmøte i IST

Stijn van Oorschot på ein av etappane sine på tvers av landet vårt.
Stijn van Oorschot på ein av etappane sine på tvers av landet vårt. Foto: Rogier van Oorschot.

Kjem du på årsmøtet til Indre Sunnfjord Turlag kan du få del i ei fin turhistorie frå ein ung mann som valde vekk konfirmasjon. I staden gjekk han landet vårt på tvers.

Torsdag 26. november kl 18.00 blir det årsmøte i Indre Sunnfjord Turlag på Førde  Gjestehus og Camping.

I tillegg til årsmøtesakene blir det eit kåseri av ein ung mann med aner i Nederland, med god sans for norsk natur. Stijn van Oorschot frå Davik sa nei takk til konfirmasjon, men takka ja til å gå Norge på tvers. Han og faren brukte kvar ferie i eit heilt år for å krysse Norge på ski, til fots og i kajakk, totalt ca 650 km. Dei skreiv dagbok og tok bilete. No kjem dei til oss for å dele den fantastiske historia si.


Her er saklista til årsmøtet:

1. Premie utdeling  TiTur Førde

 2  Årsmøtesaker

3  Foredrag  av Stijn van Oorschot.

Enkel servering

Utdeling/sal av 50 års-effekter og anna frå DNT-kontoret i Førde.

Innkomne forslag til saker for behandling på årsmøte må vere innsende til indresunnfjord@dnt.no innan 15.11 2020 eller meldast til leiar på 958 27 976.

Grunna covid19 er det ønskeleg med påmelding.

Vi følgjer til ei kvar tid gjeldande retningslinjer frå myndigheitene i høve corona, så program og møtedato for årsmøtet kan bli endra

Følg med på nettsida vår.

                                                                    

Rogier og Stijn van Oorschot på ein padleetappe.
Rogier og Stijn van Oorschot på ein padleetappe.
Rogier og Stijn van Oorschot på  tur ein solskinsdag.
Rogier og Stijn van Oorschot på tur ein solskinsdag.
Men det var ikkje berre solskinsdagar på turen.
Men det var ikkje berre solskinsdagar på turen. Foto: Rogier van Oorschot.